Georg Feed

4fd85451b5850
Georg Feed – aktiv mosjonist og tidlegare fjellgeit.

Organisert idrett har aldri vore mi greie lenger enn eit par år om gongen. Eg tykte det var altfor kjekt å vera heimaJ Men det mangla ikkje på aktivitet! Spela fotball i kvart friminutt på barneskulen, og då eg byrja på ungdomsskulen var det 1 mil dagleg på sykkelen til fordel for abbonentar av Haugesunds avis.

På Valdres folkehøgskule gjekk det mykje i ski- og fotturar, og eg fekk tilnamnet «tråkkemaskinen» når me kom til upreparerte bakkar som skulle gåast opp. Då var det berre å peisa på.

Studietida i Bergen var, forutan litt tid til fysioterapistudier, prega av treningsturar til Løvstakken, Ulriken, og opp Stoltzekleiven, og mykje toppturar på ski.

Etter eit par år med litt mindre trening enn anbefalt, kom me til Bømlo i 2005. Der hadde eg ein kollega ved navn Elin Steinsbø Fylkesnes. Ho var på den tida i Norgestoppen i landevegssykling. Flink til å springa i motbakkar var ho og, noko eg fekk merka ein haustdag i 2005. Eg var nybakt far for første gong, og om eg ikkje var i ammetåka så var det sanneleg ikkje langt unna. Eg blei i alle fall grundig slått av Elin i bakkeløp opp til Siggjo! Det likte eg så dårleg at eg begynte å trena som vanleg igjen, og i tillegg kjøpte eg meg ein racersykkel. Etter det har eg kome før henne opp til Siggjo 🙂

Sidan den gong har eg trent regelmessig på sykkel gjennom heile året, i tillegg til at eg prøver  å få lagt inn nokre motbakkeløp av og til. Målet mitt med syklinga er å halda meg i god fysisk og psykisk form ( eg blir i mindre godt humør dersom eg ikkje får trent på 2-3-4 dagar). Resultatmålet for eit vanleg år er å vera blant dei beste i dei turrittløpa eg stiller opp i.

Mine meritter på sykkelsetet er topp 10 plasseringar i nokre av dei vanlege turritta i Rogaland/Hordaland. Har og vore med ein gong på Jotunheimen rundt, der eg fekk med meg ein delt 3 plass.

Ei normal treningsveke for meg på vår/sommar består i ca 10 timar trening inkludert ritt. Om vinteren er eg happy dersom eg trenar 5-6-7 timar i veka. Treninga består då i hovudsak av sykling heim frå jobb 1-2 gongar i veka, (1,5-2 timar) 1 intervalløkt på spinningsykkel eller lokalt treningsritt ein gong i veka, og 1-2-3 ganske harde kveldsøkter på ein times tid.

Om vinteren prøver eg òg å få inn ei økt på ski i veka dersom det er forhold for det. Om våren/sommaren er det og eit mål med ein treningstur i ein motbakke i heimbygda mi Ølensvåg. Då er det full gass i 20-30 minuttar, og roleg ned att.

Med 2 små born, og ei kone som eg òg likar godt å vera saman med, blir det per i dag feil for meg å bruka store delar av helga på sykkelturar med likesinna. Dermed begrensar langturane mine seg til ein 3-4 timars tur grytidleg (ca 0530) laurdagsmorgon. Dette gjeld spesielt i overgang vinter/vår når eg byrjar å tru at eg ligg litt etter i treninga:-)

Målet mitt for 2012 er svart finisher t-skjorte på Norseman. Sykling og springing skal gå bra, dersom eg greier å overleve badinga i Eidfjorden. Svømming har aldri vore noko for den klumpete fortsynkande herr Feed, så det kjem til å bli ein utfordring av dimensjonar. Heldigvis skal eg bruka våtdrakt, og i tillegg har eg lært meg ein viss crawleteknikk i løpet av våren.